Lockertsen-slekta

Alle som heiter Lockertsen er i slekt eller inngifta i familie.

Ifølge SSB er det litt over 120 menneske som har Lockertsen som etternamn. 

Etterkomarane etter Burkard Lokkert Figenscou (1826 - 1897) byrja å bruka Lokkertsen og seinare Lockertsen som er ein litt finare variant. Burkard eller Burcard blei kalt for "Lockert på Futnes".

Fram til ca 2. verdskrig var det mest vanleg å bruka Lokkertsen, og framleis er det nokre i slekta som brukar Lokkertsen som slektsnamn. 

Lockertsen-slekta har ei Facebook-gruppe.
Fleire av oss i slekta driv med slektsforsking, og det går an å hekte seg på slektstrær både på Geni.com og MyHeritage.

Har du spørsmål om slekta/slektsforsking kan du ta kontakt med Holger Lockertsen på epost "holger alfakrøll lockertsen dot com", eller via Facebook.

Slektsnamnet Lockert som også er utbreidd i Nord-Noreg, er ikkje same slekt.

Dette er eit bilde frå bryllupet til Oskar Lockertsen i 1912. Her er det mange Lockertsen-folk, deriblant Anton Laurits Lokkertsen - ein av sønene til Burkard Lokkert Figenschou som reknast som stamfar til Lockertsenslekta.